SYLVELIN HEGE SEVILHAUG
Eg er utdanna sivilingeniør og musikolog frå Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og Universitetet i Oslo. Opprinneleg er eg frå Lom, men no bur eg på Aske ved Helgeroa i Larvik kommune. Eg spelar trompet, fløyter, bukkehorn og lur.
Tidlegare har eg arbeidd som prosjektleiar innan forsking og teknologiutvikling i prosessindustrien, dessutan har eg vore lektor på vidaregåande skule.
No arrangerer eg kurs og opplevingar med musikk og song, mellom anna "Lyden av seterliv" med Karolina Westling, "Songen, musikken og naturen" med Line Arstad Djurberg og eg arrangerer kulturturar med musikk - "Tiljetoneturar" med Kirsti Holmquist Arntzen. I tillegg arbeider eg med utvikling av pedagogiske escapespel, eg er instruktør på hjernetreningskurs og eg er tilknytta Berg nærmiljøsenter.
Eg er oppteken av kreativitet i læring, koplinga mellom kropp og hjerne og kor viktig natur, musikk og kunst er for livskvalitet og helse. Dette har ført til nokre artiklar om desse emna.


ASKESKOGEN URTERI
Urtehagen vart påbyrja av mor mi, Edle Johanne Sevilhaug. Når vi flytta hit, hadde urtehagen grodd att, men med mykje luking dukka fleire og fleire urter fram. Eg sådde nye urter, i tillegg til at eg og mor mi kjøpte nokre på Auen urtegård i Siljan. Med litt utprøving opp gjennom åra har eg funne fram til dei urtene eg likar best, og som trivst i sandjorda her på Aske.
Verksemda har alltid vore drive etter økologiske prinsipp, og har vore Debio-godkjent sidan 2016. Ved sida av urtehagen eit lite utsal, i tillegg sel eg urtane på utstillingar og messer i nærmiljøet.
Urter har til alle tider spelt ei stor rolle for helse og velvære, og det er mykje kulturhistorie knytta til urter. Askeskogen urteri er eit lite urteri, men med særs smakfulle produkt, mellom anna tørka salvie, timian, løpstikke, bergmynte, isop og smakfulle tear.
