ASKESKOGEN URTERI
Urtehagen vart påbyrja av mor mi, Edle. Når vi flytta hit, hadde urtehagen grodd att, men med mykje luking dukka fleire og fleire urter fram. Eg sådde nye urter, i tillegg til at eg har kjøpt inn nokre. Med litt utprøving opp gjennom åra har eg funne fram til dei urtene eg likar best, og som trivst i sandjorda her på Aske.
Verksemda har alltid vore drive etter økologiske prinsipp, og har vore Debio-godkjent sidan 2012. Ved sida av urtehagen har eg eit lite sjølvbetjent utsal.
Urter har til alle tider spelt ei stor rolle for helse og velvære, og det er mykje kulturhistorie knytta til urter. Askeskogen urteri er eit lite urteri, men med særs smakfulle produkt, mellom anna urtete med gresk fjellte.
På same vis som at urter gjer godt for helsa, er natur, musikk og kunst viktig for livskvalitet og velvære. I tillegg til urteriet arbeider eg med kurs og opplevingar med musikk og song. Du kan lesa meir om meg på heimesida mi sylvelinhege.no.


Klebersteinsfigurane
I urtehagen min har eg ein vakker klebersteinsfigur som vaktar over hagen og vernar mot troll og alvar så dei ikkje skal ete opp urtene. Her i nettbutikken er det mogleg å kjøpe slike figurar, med eller utan stake.
Klebersteinsfigurane er laga av Charlotte Hellum Wedel-Jarlsberg, som òg lagar mykje anna fint, mellom anna linoleumstrykk. Figurane er veldig gode å ta på, i tillegg til at dei er fine å sjå på. Dei er forma frå råstein med ulike rasper, små knivar og pussepapir. Etterpå er dei innsett med olje, oftast flytande bivoks. Charlotte veit aldri kva eller kven som "bur i steinen" når ho byrjar arbeidet, det oppdagar ho etter kvart som ho held på med steinen.

Klebersteinsfigur på stake
